Ut av nøden og fattigdomen

Fire søsken som har fått et helt nytt liv

Med en stolt pappa

Kanskje kan det hende at du hugsar nok frå eit innlegg i eit av nyhetsbreva tidlegare dette året, ein svært trist historie om ein syskenflokk på seks barn. To av dei minste barna døydde av underernæring og svolt. På biletet kan vi sjå dei fire som er att. Dei bur no på barneheimen på Håpets Hamn. Ingen av barna hadde gått på skule før, heller ikkje dei store jentene.

Med en stolt mamma

Derfor byrja dei alle på førskulen vår som ligg rett bak sjukehuset. I løpet av skuleåret har dei lært bokstavar og tall, dei har lært å lesa og skriva, dei har lært mange songar, leikar, historiar og mange, mange andre ting. Desse fire barna er ivrige og dei stortrivest saman med dei andre barna. Dei to store jentene har vore gode hjelparar for førskulelærar Ellen Manalo, ho har mange gonger vore takksam for hjelpande hender som kan vera der for unge 5 åringar.

Då skuleåret skulle avsluttast i slutten av mars, var det tid for Graduation Da Ein stor festdag for alle barna og foreldrene. Barna får på seg kappar og kalottar – det er som på amerikanske college !

Far og mor var med som stolte foreldre på denne store dagen. Også dei to små brørne var kledde i sine kvite kappar og fekk sine diplomar og medaljar for god innsats gjennom skuleåret